Engasjera folket, finna identiteten

Den kritiske suksess-faktoren for eit identitetsprogram er korleis det greier å engasjera og involvera brukarane.

Å involvera innbyggjarane er også viktig for å få kunnskap om staden som kan danna grunnlag for utviklinga av ein visuell identitet, men i tillegg har det etiske spelt ei rolle: Innbyggjarane og andre sin rett til å vera med og definera identiteten. Eg har prøvt ut ei rekkje måtar å involvera brukarane på, frå å dela ut skisseblokker og eingongskamera, til å laga oppgåver for den kulturelle skulesekken, gjennomføra intervju, spørjegranskingar og workshoper, for å nemna noko. Under «testing av metodar» kan du lesa kort om erfaringane mine med ein del av metodane, mens eg går grundigare inn på eit utval av metodane under eigne kapittel.