Ein dagleg dose med stadskvalitet
Luke 1: Lyset
På reiser til og frå Kvam legg eg merke til Lyset. Eg opplever at Lyset er annleis enn mange andre stader på Vestlandet, det er sartare blåtonar, raskare skifte, det må skuldast den vide himmelen som speglar seg i den breie Hardanger-fjorden, det er som eit lerret, omkransa av breen og dei slakke liene. På veg til Kvam har eg alltid forventningar til korleis Lyset vil vera nettopp denne dagen.
Luke 2: Galskapen
Er kvemmingane galne? Spørsmålet dukkar opp ein dag eg har vore i bedehuset i Ålvik, der eg har beundra lydstudioet og høyrt på den ferskaste innspelinga. Det er då det slår meg: Det som skil kvemmingane frå andre, er kort og godt at dei er galne. Ein fyr kjøper bedehuset for å laga lydstudio. For nokre år sidan møtte eg ein gjeng kvemmingar som hadde kjøpt seg ei heil gjestehamn, som dei slepte sjøvegen til Norheimsund. Hadde vêret vore dårleg, hadde alt saman forlist. Er ingen prosjekt for dristige, ingen idear for ville? Er ein årsak blandinga av hippiar frå Hardanger fartøyvernsenter og kunstnarar (det ser ut som om meir eller mindre «alle» på fartøyvernsenteret er gifte med kunstnarar)?
Luke 3: Sentrumet
Ei lita spørjeundersøking gjennomført blant hytteeigarar på Kvamsskogen viser at dei tenkjer på Norheimsund som ein hyggjeleg handlestad og eit triveleg sentrum. Ein av dei som svarar skriv til og med: Forelska i Norheimsund! Undersøkinga vart sendt ut til medlemmer i Kvamskogen vel, og det kom inn 28 svar. Heile 26 av dei som svarar har utelukkande positive assosiasjonar til Norheimsund. I tillegg til «handel» dukkar ord som «fint», «koseleg», «triveleg» og «flott» opp flest gongar.
Luke 4: Naturen
Kva er kvemmingane sjølve stolte over? Utan tvil er det først og fremst naturen og dei vakre kulturlandskapa: Dei velstelte frukthagane og fruktsalet langs vegane, utsikta generelt, og konkrete stader og natursymbol som Steinsdalsfossen, Fitjadalen og Tokagjelet. I tillegg er kvemmingane stolte over høvet til å driva med friluftslivsaktivitetar, jakt og fiske. Eller som ein (av 176) skriv; «eg er stolt over naturen – og folk sin iver til å bruka han». Kvemmingane er også stolte over det rike kunst- og kulturlivet, og viser til dei mange festivalane, som Trebåtfestivalen, Bygdalarm og Hardanger ciderfestival, samt det varierte fritidstilbodet, dei mange idrettsanlegga og gode barnehagar og skular. Også kvemmingane sitt engasjement, dungadsånda deira, pågangsmotet og viljen til utvikling vert trekt fram, samt at kvemmingane er usnobbete.
Luke 5: Engasjementet

Folk i Kvam vil gjerne ikkje ha snakk om bygdestriden mellom Øystese og Norheimsund, men når eg presenterer prosjektet i ulike samanhengar, er det umogeleg å koma utanom. Men svært ofte vekkjer striden positiv interesse. Publikum kjenner gjerne til usemja frå media, men for dei som ikkje står midt oppe i stormen, vitnar den høglytte og opne kranglinga også om energi, kraft, vilje og ikkje minst engasjement. Eigenskapar som også kan driva ein stad framover. Truleg er det ein større trugsel mot eksistensgrunnlaget om innbyggjarane er likegyldige og passive. På besøk ved Ålvik skule opplevde eg også engasjerte elevar – som tydeleg sa i frå til klassekameratar at her måtte alle oppføra seg og venta på tur. Eg har ved fleire høve i ettertid fortalt om elevane ved Ålvik skule, fordi eg opplevde dei som uvanleg trygge på seg sjølve, positive – og modige. (Teikning: Øystein, Strandebarm).
Luke 6: Det sunne
Mens alt er litt stort i USA, er kanskje alt litt sunt i Kvam? Om ikkje alt, så er i alle fall mykje økologisk, samanlikna med mange andre stader: Kalkunane på Homlagarden og ein god del av maten i kantina i heradshuset i Norheimsund, til dømes. I tillegg er mykje av maten svært kortreist, og i den før nemnde kantina kan epla nesten sjå heim til treet der dei er hausta.
Luke 7: Handlekrafta
Eg opplever kvemmingane som handlekraftige og lite byråkratiske. Det er mogeleg å realisera idear i Kvam. Når eg les i Hordaland folkeblad, ser eg at nokon meiner at det av og til kan gå vel fort i til dømes heradsstyret, men eg trur den norske gjennomsnitts-kommunen i større grad har ei motsatt utfordring: Ting tek for lang tid. Når ein er handlekraftig må ein kanskje også tola at noko innimellom fører feil veg, så får ein heller korrigera kursen ved neste vegkryss. I arbeidet med stipendprosjektet mitt, der utvikling av visuell identitet for Kvam er ein viktig del, opplevde eg også at kommunen var frampå og såg mogelegheiter, og at det difor var enkelt å få til eit samarbeid. Samstundes torde ein å seia ja til noko ukjent, sidan ingen av oss på det tidspunktet visste kva prosjektet ville resultera i. På nettstaden wikipedia er det ein flott karakteristikk av folka i Kvam og eit døme på korleis dei skil seg frå innbyggjarane i Setesdalen. I ein artikkel om forfattaren Hans E. Kinck (1865-1926) heiter det: «Det var en svær overgang å komme til Tangerås i Strandebarm i Hardanger da han var ti år gammel. Setesdal var full av mystikk og middelalder, mens Hardanger opplevdes som mer rasjonalistisk. «For Hans var denne flytning som å ramle ut av en drøm; han har selv sagt at det var som å bli vekket av en hårdhendt lusing. Fra det middelaldrelige folkelivet i den bortgjemte og balladeagtige Setesdal til det friske, sjøsalte Hardanger med dets tungerappe og gløgge mennesker». (Gierløff 1923, 26)». Så allereie på 1800-talet var det tydeleg: Der andre går og drøymer og heng fast i fortida; der handlar kvemmingen og tenkjer framover.
Luke 8: Skapargleda
Mange kommunar på Vestlandet (og i Noreg elles) ønskjer å tiltrekkja seg kunstnarar og andre representantar for den såkalla kreative klassen. I Kvam er det allereie mange skapande menneske, anten du møter dei innan kunst, musikk eller andre former for kulturuttrykk. Og dei som ikkje lenger er, har sett tydelege spor etter seg, som bilethoggaren Ingebrigt Vik og forfattaren Hans E. Kinck. Dei mange verksemdene og dei mange festivalane er også uttrykk for ønsket om å setja noko i sving, få noko til å skje. Kvemmingane har vore vane med å greia seg sjølve, og i tillegg verkar nok naturen (og lyset?) lokkande på dei som ønskjer å ha meir ut av livet enn profitt. Nye kunstnarar som kjem til Kvam for kortare eller lengre tid møter såleis allereie godt etablerte miljø dei kan spela på lag med. Men mogelegheitene er framleis mange: Kva med utvida satsing på kunstnar-atelier der internasjonale kunstnerar kan hospitera for kortare tid, og dra med seg impulsar frå andre stader til Kvam? For mange ville nok Kvam vore eit meir forlokkande og eksotisk val enn til dømes Berlin eller New York, og slike besøk ville nok også gjeve staden positiv omtale.
Luke 9: Lukta
Ein bestemt dag er det ei heilt spesiell lukt i Kvam: Når eg ber folk skildra lukta av Kvam, trekkjer dei på smilebandet og svarar spontant: 1. mai luktar det i alle fall møk her! Men kva luktar det i Kvam resten av året? Det som er spesielt er dei mange luktsonene som kjem så tett i Kvam, og at ein såleis kan vandra frå ei sone til ei annan: Frå den salte sjølukta, gjennom dei frodige frukthagane og opp til den friske høgfjellslukta. Eg har fått hjelp frå dei tilsette ved Hardanger fartøyvernsenter til å definera lukta, og i tillegg til salt sjø, treverk og tjære (naturleg nok), vart blomar og frukt, skog og (nyslått) gras trekt fram, men også den reine lukta etter regn og den friske høgfjellslukta. I tilkyting til eit seminar i Øystese fekk eg også inn rundt seksti svar på spørsmålet om lukta av Kvam, og gjennomgåande stadfestar seminardeltakarane funna, og svært mange knyter staden til lukta av sjø eller vatn i ulike former, samt at det i Norheimsund er eit snev av «bylukt». I tillegg har eg vore på safari med sterkt svaksynte Margun i Norheimsund, som eg reknar som ein stor kapasitet når det gjeld nettopp lukt og lyd, og ho har også godt grunnlag for å samanlikna Kvam med andre stader ho har besøkt. Margun trekkjer fram nettopp dei mange og tette luktsonene som spesielt for Norheimsund og Kvam.
Luke 10: Det opne
Sjølv om eg registrerer at einskilde kvemmingar uffar seg over at det gror att i Kvam, vil eg påsta at det samanlikna med andre stader langs Vestlandsfjordane er ope og oversiktleg. Ei reise gjennom kommunen etterlet seg inntrykk av at det jamnt over er velstelt og vedlikehalde, ja, heile Kvam verkar temmeleg ryddig. Men det er alltid rom for forbetringar, det er underleg at det er nettopp der turistar ferdast, som til dømes på Kvamskogen, at det er størst potensiale for opprydding og forskjønning. Likevel viser det tydeleg at både privatpersonar og det offentlege i Kvam har arbeidd bevisst med uteområda, og at standarden er høgare enn det ein finn mange andre stader. I overført tyding har eg også opplevd folka som opne og ærlege. Det er lett å nå ut med informasjon gjennom til dømes dei kommunale nettsidene, og lett å invitera seg inn i ulike miljø og å kjenna seg heime.
Luke 11: Aktiviteten
Den fine naturen i Kvam er trekt fram tidlegare, men eg trur også at det som skil Kvam frå ein del andre stader (Noreg er jo generelt kjend for nettopp fin natur), er tilgangen til den omtalte naturen. Både alpinanlegg og fartøyvernsenter opnar opp for at folk svært enkelt kan ferdast på sjøen eller i fjellet. I Kvam er ikkje naturen berre til pynt, den er definitivt meint for bruk. Medan du andre stader må ta til takke med å beundra fossane, kan du i Kvam naturlegvis spasera bak dei! Eg sit med inntrykk av at kvemmingane er aktive og at aktiviteten i Kvam er høg, folk driv med noko støtt, og i Hordaland folkeblad er det stadig reklame for noko som skal skje, eller omtale av noko som nyleg har vore. Det verkar også som om innbyggjarane er sporty, og at mange er aktive innan eit breitt spekter av idrettsgreiner (Foto: Rune Nordheim).
Luke 12: Kampviljen
Kva nolevande personar med tilknyting til Kvam har kvemmingane respekt for og tillit til? Ei undersøking viser at kvemmingane held dei uredde og synlege høgt, kanskje kan ein nesten kalle dei krigarane: Klart på topp finn ein nemleg ordførar Astrid Farestveit Selsvold, med politimann og medieprofilert fagforeiningsleiar Arne Johannessen som ein god nummer to. Først på tredjeplass dukkar ein av dei mange kulturpersonlegdommane opp, forfattar og internasjonalt kjende Jon Fosse. Høgt på lista kjem også politikar Harald Kjosås, pianist Geir Botnen, skodespelar Hildegunn Riise, mediemann Nils Gunnar Lie, tidlegare ordførar Martin Vik, artist Heidi Marie Vestrheim og friidrettsutøvar Sverre Sørnes. Men kvemmingane har respekt og tillit til mange av sine eigne, det er nemnt over hundre ulike einskildpersonar på lista. (Foto: Judy Sirks Vevle).
Luke 13: Arbeidet
Kva skal til for at du vert buande i Kvam eller eventuelt flyttar til Kvam? er eit av spørsmåla eg har stilt i ei spørjeundersøking om staden. Og det svaret som går oftast att, er utan tvil: Ein interessant eller trygg arbeidsstad. Skil Kvam seg frå andre kommunar? Det vart i 2008 gjennomført ei større nasjonal bu- og flyttemotivsundersøking, og den viser at arbeid kjem på fjerdeplass på lista over grunnar til at folk flyttar. Gjennomsnittet legg mest vekt på familierelasjonar, deretter bustaden og på tredjeplass staden og miljøet. Når det gjeld grunnar til at folk vert buande, er staden og miljøet den viktigaste. Men for mange i Kvam vert pendlinga til Bergen eller andre stader for lang, og det er difor avgjerande at ein har ein god lokal arbeidsmarknad. Alternativet er, som ein svarar: «Å flytta Kvam nærare Bergen». På andreplass på lista nemner kvemmingane at det må bli slutt på bygdestriden. Den tredje viktigaste grunnen er betre samferdsel, dette omfattar både samferdsel innad i kommunen og mellom Kvam og Bergen. Folk vil ha høgare standard på vegane, tunnel under Kvamskogen – men ikkje bompengar, samt auka offentleg kommunikasjonstilbod. Deretter kjem eit variert fritidstilbod og gode møteplassar, tett følgt av gode og nære skular. Vidare at ein har venar eller familie i Kvam, gode og trygge oppvekstvilkår for barna, samt attraktive tomter eller bustader, også utanfor sentrale strøk og regulerte byggjefelt. Det mest orignale svaret er: «Ein revolusjon!», medan det mest kravstore er «betre vêr»… Mange oppgjev også at dei allereie er tilfredse og at dei har det godt i Kvam slik dei har det i dag.
Luke 14: Det «kvemske»
Når du seier namnet «Kvam», kva er det første kvemmingane sjølve tenkjer då? Jau, ikkje overraskande tenkjer over halvparten (av 176 spurte) på «natur» i ulike variantar, gjerne knytt saman med «vakker». Men like etter dukkar ordet «bygdestrid» opp. På delt tredjeplass kjem «eit rikt kultur- og idrettsliv» og «ein god og trygg stad å bu». Mange tenkjer også at Kvam er sentralt plassert og at avstanden til Bergen er kort, vidare at Kvam er ein kommune som meir eller mindre har «alt», men der vegane er smale og dårlege. Fleire får assosiasjonar til båtar eller tenkjer på Hardanger fartøyvernsenter, men også foss generelt eller Steinsdalsfossen spesielt vert nemnt.
Luke 15: Kvemmingen
«Kvemmingen er stolt over dialekten sin og over å vera harding», sa ein mann ein gong til meg, og la til: «Et møtte ein utflytta kvemming i Syden ein gong. Han var i alle fall slik». Etter å ha gjennomført diverse undersøkingar, og snakka både med kvemmingar og om kvemmingar, sit eg med inntrykk av at det biletet kvemmingen har av seg sjølv, ikkje alltid er det same som omverda har. Kvemmingane ser på seg sjølve som arbeidssame, smålåtne og lite flinke til å rosa seg sjølve eller andre (eg er blitt fortalt at dersom to kvemmingar møtest, og den eine rosar den andre, får begge vondt…), medan folk i nabokommunane gjerne tenkjer på kvemmingane som stolte (kanskje fordi dei ser for seg at den vakre naturen og den rike kulturen gjer at kvemmingane har mykje å vera stolte over?). Allereie på 1800-talet har me sett at kvemmingane vart omtalte som «tungerappe» og «gløgge». Når kvemmingen skal skildrast i nyare tid dukkar elles følgjande ord opp: Traust, driftig, ryddig, hyggeleg, inkluderande og engasjert, men kvemmingen kan også verta oppfatta som arrogant og fanatisk… Dømet med den utflytta kvemmingen viser også at det er svært viktig korleis kvar og ein omtalar heimstaden sin, fordi det faktisk berre skal eit møte til før mange gjer seg opp eit inntrykk av alle i ein kommune. Er også dei som har flytta frå Kvam eller ser Kvam på avstand, i større grad positive til staden enn dei som bur der og har kvardagen tett innpå seg?
Luke 16: Kontrastane
I Kvam er det mange bygder med særpreg. Ei reise gjennom kommunen er også ei reise gjennom ulike, sterke miljø, til dømes frå nasjonal-romantiske Strandebarm, via maritime Norheimsund, kunstbygda Øystese og til industristaden Ålvik. Mange av bygdene er svært ulike, og det gjer kommunen rik. Eg er blitt fortalt at industrien gjerne har følt seg litt i skuggen av dei meir frodige og romantiske miljøa, men i dag er gjerne industriromantikken like etterspurt. Arkitekturen i bygdene er også mange stader gjennomtenkt, i Ålvik var det ein heilskapleg plan som låg til grunn, mens Norheimsund er rusta opp og opna mot sjøfronten. Manger stader ser du også kvitmåla hus med dei karakeristiske skifertaka. Når Vestlandsfjordane vert kåra til dei mest attraktive reisemåla i verda, er det nettopp det levande, eller det heilt ordinære dagleglivet, som spelar ei viktig rolle.
Luke 17: Symbola
Noreg er generelt rikt på natursymbol, og Kvam er ikkje noko unntak: Plassert ved Hardangerfjorden, og med utsikt til isbreen Folgefonna, byr kommunen på høge fjell, djupe fjordar og fleire fossar. Steinsdalsfossen er eit av dei viktigaste natursymbola i Kvam (eit google-søk på «Steinsdalsfossen» gjev over 12.000 treff, men det er eit godt stykke att til «Vøringfossen», som gjev over 37.000 treff). Eit anna karakteristisk symbol er den eldgamle eika som står midt i riksveg 49 ved garden Tuften, like før Tørvikbygd (ja, du las rett, ho står midt i vegen). Denne eika er ei av fleire i området som er freda. Det aller største og mest synlege natursymbolet er likevel sjølve Hardangerfjorden, som tiltrekkjer seg turistar frå heile verda. Men Kvam har også menneskeskapte symbol: For mange er Norheimsund synonymt med Hardanger fartøyvernsenter (men mange ser også for seg Sandven hotell og den sentralt plasserte kyrkja) og det er nesten umogeleg å tenkja på Ålvik utan å sjå for seg det enorme smelteverket, men også trallebana. Også Fyksesundet bru ved Fykse og det moderne Kabuso og det spesielle Ingebrig Vik-museumet i Øystese er lett attkjennelege.
Luke 18: Det fotogene
Dersom ein stad ikkje har landemerke eller attraksjonar som enkelt kan avfotograferast, er det nærast umogeleg å «selja» staden til turistar, vert det hevda i litteratur om marknadsføring av stader. Kva har Kvam av landemerke og fotograferbare attraksjonar? Dersom ein «googlar» namnet Kvam eller kvar einskild bygd, kva fotografi dukkar opp? Kva er det fastbuande og besøkjande avfotograferer og legg ut på nettet? Ikkje overraskande er det mange bilete der fjorden i ei eller anna form er med. Elles gjev Hardanger fartøyvernsenter nær 760 bilettreff på google, Hardangerbunad – som er felles for heile Hardanger, nær 670 treff, Steinsdalsfossen over 600 treff (fossen dukkar også opp i ulike kunstverk, til dømes var Noreg representert med ein installasjon laga av kunstnaren Marianne Heske på verdsutstillinga i Hannover i 2000, der ein stilisert kopi av Steinsdalsfossen var ein sentral del), Kabuso (ca. 570 treff), gjestehamna i Norheimsund – Kvam sitt «bryggen» (ca. 270), Ingebrigt Vik-museumet (ca. 250), Fyksesund bru (ca. 90). Men det er ikkje berre fysiske stader som kan avfotograferast og vera med på å etterlata seg eit inntrykk, også årlege hendingar som Bygdalarm i Øystese (ca 160) og trebåtfestialen og siderfestivalen viser tydeleg att på nettet (begge rundt 150 treff). Den aller viktigaste, fotograferbare hendinga er truleg frukbløminga, som også er felles for heile Hardanger. Det er utan tvil her ein finn dei vakraste bileta, og blømane fruktre er svært fotogene. Det raske (og til dels upresise) google-søket resulterte i mange bilete av bunadskledde jenter (men få menn) i blomeenger eller ved blømande fruktre. På reiselivet sin nettstad www.visitkvam.no får ein stadfesta funna, for å trekkja turistar til staden har ein avfotografert fruktbløminga, fjorden, båtar generelt og Hardanger fartøyvernsenter spesielt – samt Steinsdalsfossen.
Luke 19: Lyden
- Lyden av Tørvikbygd (rabarbra)
- Lyden av Tørvikbygd (på veg)
- Lyden av Tørvikbygd (vinter i bygde)
- Lyden av Ålvik (med «blåsen» frå smelteverket)
- Lyden av Ålvik (i regn)
- Lyden av Hardangerfjorden
«Lyden av Kvam er lyden av vatn», skal ein utanlandsk gjest som besøkte staden ein gong ha sagt. Og det kan han ha rett i: For lukkar du augo og lyttar, kan du kanskje høyra bølgjene som slår mot strand-kanten, regnet som sprutar, fossane som brusar, bekkane som sildrar eller krafta som buldar. Og er det tørt og varmt, vert eg ikkje overraska om du høyrer lyden av hagar og bed – som vert vatna. Lyden av Tørvikbygd er tolka av Solbjørg Tveiten, mens lyden av Ålvik er tolka av Bjørn Otto Wallevik. Han har også spelt inn lyden av Ålvik i regn og lyden av Hardangerfjorden.
Luke 20: Det ukjente
Kva tenkjer folk utanfor Kvam når dei høyrer ordet «Kvam»? Dei aller fleste tenkjer ingenting, dei har rett og slett problem med å plassera staden på kartet, ofte svarar dei at det er fleire stader i Noreg som heiter «Kvam». Du skal ikkje reisa lenger enn til Voss eller Bergen før folk er usikre på kvar Kvam er. Trass dette viser det seg ofte at dei spurde har vore i Kvam, svært mange har besøkt Norheimsund eller Øystese, og veit nøyaktig kvar bygdene ligg. Også «Hardanger» er eit omgrep som er godt kjent, og som mange har positive assosiasjonar til. At Kvam vert oppfatta som anonym, er ein lagand kommunen deler med mange norske kommunar, og som også har naturlege forklaringar: For mange vert ein kommune eit abstrakt omgrep, mens bygdene er fysiske stader ein lett kan sjå for seg. Og som eg tidlegare har vore inne på: Kvam har mange sterke bygder, med visuelt særpreg, som lett etterlet seg mentale bilete.
Luke 21: Kjensla
Dersom du lukkar augo, og kjenner på Kvam, korleis kjennes staden ut? Det er rue overflatar som grovt trevirke og skiferheller, men også mjuke, men samstundes grove materialar som ull og lin. Litt slitt, ru asfalt. Glatt plastikk er definitivt ikkje eit materiale eg knyter til Kvam.
Luke 22: Smaken
Kva smakar Kvam? Godt! Aller mest smakar Kvam nyplukka frukt og bær (eple, plommer, jordbær, moreller), men også salt, sjømat og vin. I tillegg er det ein smak av krotakaker, kjøttkaker, men også av hamburgar, mjølk, brød – og kalkun. Tørvikbygd smakar rabarbra… Det er i alle fall ord eg har plukka opp når folk omtalar Kvam i ulike samanhengar, men eg tek gjerne imot fleire ord – og smakar. Smakar bygdene ulikt?
Luke 23: Det unike
Kva har Kvam, som ingen andre stader i Noreg – eller verda – har? Det er eit vanskeleg spørsmål. Kanskje er det ikkje ein spesiell ting, men «litt» som er svaret? Litt vakrare natur enn mange andre stader i elles naturskjønne Noreg? Eit litt urbant sentrum? Litt kort avstand til Bergen? Litt meir engasjerte innbyggjarar enn gjennomsnittet? Litt sprekare fossar? Litt fleire kunstnarar? Litt vakrare fotomotiv? Litt meir gjennomtenkt arkitektur? Eit litt opnare og lysare landskap? Litt meir særprega bygder? Litt meir aktivitet? Litt stoltare tradisjonar? Og til saman utgjer alle desse «litt-ane» nokså mange kvalitetar for dei som bur her eller besøkjer staden – og litt fleire mogelegheiter enn du finn mange andre stader rundt om i distrikts-Noreg?
Luke 24: Draumane
Dei siste åra har eg samla på kvemmingane sine draumar. Rundt åtti gongar har eg stilt spørmålet: Om du fekk eit ønske oppfylt for heimstaden din, kva skulle det vera? Og kvemmingane er som supermodellane, dei svarar «fred og slikt»… Meir konkret ønsker dei seg symbolske sykkel- og gangvegar som bind bygdene saman, og gode møteplassar – gjerne i form av ein flytande pub eller felles revylag. Kvemmingane ønskjer at «ja» vert det mest brukte ordet, at aktiviteten sydar, at det er rom for kreativitet og handling. Nokre oppgjev at dei ikkje er interesserte i det perfekte, men at dei ønskjer å bu i ein kommune som er i rørsle, andre at dei vil ha 40 minutts reisetid til Bergen, og at reisa gjerne kan gå med tog. Fleire er opptatt av vakre uterom og nyskapande arkitektur, som dei gjerne vil sjå meir av, men aller oftast går dei mellommenneskelege relasjonane at – folk ønskjer seg samarbeid og samhald, og at ein raus med kvarandre, eller som ein skriv: at alle har eit felles postnummer, nemleg KVAM. Trass i den medieomtale kranglinga, eller kanskje nettopp derfor, er inntrykket mitt at det er få stader så mange er så bevisste på verdien av samhandling og godt naboskap, som nettopp i Kvam. Kva er din draum for heimstaden din? I denne adventskalenderen har me sett litt på korleis det er i Kvam i dag, men korleis skulle du ønskja at framtida vart? Dersom det var du som fekk eit ønske oppfylt, kva ville du då bedt om? Med dette spørsmålet ønskjer eg å takka for meg, og eg ønskjer dykk alle ei fredeleg jul og eit innhaldsrikt nytt år!