«Ta med noko frå heimstaden din»

Etableringa av eit mobilt designkontor vart eit vendepunkt.

Å etablera eit mobilt designkontor er i dag enkelt, alt som skal til er ei bærbar datamaskin, ein kombinert scannar og printar, eit digitalt kamera og gjerne ein prosjektor. Å arbeida på kontoret er ei intensiv og spennande oppleving, sidan du aldri veit kva råmateriale du får inn, eller kva samtalar som oppstår. Å bruka design som eit prosessverktøy, og å involvera innbgyggjarane direkte i designprosessen gjennom det mobile designkontoret, skapte engasjement, eigarskap og interesse. Det mest overraskande var at det i tillegg sette fart på min eigen kreativitet. Det bør utan tvil vera minst to tilsette på eit mobilt designkontor, både for å ivareta alle arbeidsoppgåver, men også for å få tid til dialog med publikum. Bli med på dei ulike stoppa:

Testtur til Ålvik

Hausten 2009 prøvde eg ut det mobile designkontoret for første gong. Eg stilte med blanke ark på Ålvik skule, og let design bli til i dialog med elevane i 4. klasse. Eg vart overraska over kor presist jenter på ti år definerte fargane til heimststaden, direkte i InDesign-dokumentet mitt, inspirert av husrekkjene i det som vert kalla «grønegata», «gulegata» og «raudegata». Eg bad dei ta med noko dei knyter til heimstaden sin, og fekk inn mønster, dagbøker, gamle foto, eple og oppskrifter. Eg kom uventa raskt inn i ein god skisseprosess, og vart i lita grad distrahert av aktiviteten rundt meg. Erfaringa førde til at eg reiste tilbake og opna opp kontoret for heile skulen.

Fire intense timar

Det mobile designkontoret vart no opna for deltaking frå heile skulen. På førehand hadde elevane og lærarane fått skriftleg invitasjon, og eg fekk i retur alt frå private fotoalbum og bunadsbelter, til arbeidskle frå Elkem og t-skjorter med kampropet «Ålvik SKAL leva», samt lyden av Ålvik. I løpet av fire timar fekk eg inn rundt førti bidrag, som eg brukte til å designa små visuelle smaksprøvar i eit forsøk på å nærma meg bygda si sjel. Etter besøket fekk eg denne e-posten frå rektor: «Tilbakemeldingane frå ansatte er: Spennande. Imponerande. Kjekt. Tøft. Kreativt, berre positive ord. NB! Kom gjerne igjen til oss».

I heradshuset i Norheimsund

Responsen blant lærarar og elevar i Ålvik var god, men korleis ville det mobile designkontoret verta motteke i heradshuset i Norheimsund? Ein enkel powerpointpresentasjon varsla at kontoret kom, og tilsette og andre vart inviterte til å bidra. Sjølv om eg fekk inn få fysiske bidrag, tiltrekte kontoret seg både kommunetilsette og publikum, og vart ein arena for diskusjonar og refleksjonar om Kvam sin identiteten. Igjen var innbyggjarane presise i definisjonen av fargar, Øystese har blant anna ein palett med klarare fargar enn i Ålvik. Og publikum knytta identitet til noko som har eksistert ei viss tid. Sjølv om det i det siste har kome fleire orange hus i Øystese, var det tvil om orange var ein «skikkeleg» Øystese-farge eller ikkje, fordi desse husa var «for nye».

I kantina ved Elkem Bjølvefossen

Besøket var varsla i internavisa, og eg rigga meg til i kantina. Her måtte eg sjølv leita opp bidrag, men igjen opplevde eg at  kontoret bidrog til å setja i gang diskusjonar. Det var tydeleg at arbeidarane var stolte av den gamle Bjølvefoss-logoen og arbeidseffektar der denne framleis var synleg. Arbeidarane bidrog også med papirklipp til ein kortvarig kafé som var under planlegging i Ålvik sentrum (les meir under «tre dagar, tre kafear»).

Siste stopp: Kortvarig kafe

Til slutt flytta kontoret inn i ein kortvarig kafé i Ålvik sentrum, og eg fekk selskap av arkitektstudent Solvår Nyhavn og «Ålvik mobile arkitektkontor». Kombinasjonen kafé og designkontor skapte stor aktivitet, og førde til at eg kom i direkte kontakt med mange av lokalfolket. Den store pågangen gjorde også saknet av ein kollega tydeleg. I ettertid ser eg også at eg kunne ha fått inn mykje meir aktuelt råmateriale ved å koma med meir presise ønske. Eksempel på det er visualisering av orkideen «kvit skogfrue». Nokre av bygdefolket kom uoppfordra med bilete av planten, desse brukte me som dekor i kafeen med same namn, og eg fekk også høyra historia om korleis den kvite skogfrua tilfeldig vart oppdaga, av han som ulovleg hadde plukka blomen for å pynta eit festbord.