...eller med reip

Eg ønskte ikkje å utvikla ein logo for heile Kvam, men inviterte innbyggjarane til å vera med å laga mange.

Eg ønskte ikkje å utvikla eit varemerke for heile Kvam, men inviterte innbyggjarane til å vera med å laga mange. Les meir om tankane bak varemerket og bruken av det under «resultatet». Her viser eg prosessen, der blant anna landets einaste praktiserande reipenslagar, Ingunn Undrum, skreiv med sjølvlaga hamp-tau, mens bonden i Steinsdalen brukte rundballar. Ønsket var både å inkludera og å få fram eigenarten til dei ulike bygdene. Det var også viktig å gje innbyggjarar med ulike interesser og ulikt engasjement for heimstaden valet mellom fleire varemerke-variantar. Innbyggjarane kan sjølv utvida logo-samlinga.

Rundballar. Laga av bonde Bertil Ove Skeie i Steinsdalen.

Årer. Laga av tilsette ved Hardanger fartøyvernsenter (både årene og KVA-en).

Tjære. Målt av tilsett ved Hardanger fartøyvernsenter.

Dekk. Laga av tilsette ved Øystese Mekaniske Verkstad / Toyota i Norheimsund.

Startkablar. Øystese Mekaniske Verkstad / Toyota i Norheimsund.

Sveisetråd. Sveist av Jarle Norheim ved Øystese Mekaniske Verkstad / Toyota i Norheimsund.