Be meg ikkje om å vera med og definera identiteten til heimstaden min. Eg vil heller fortelja korleis eg skulle ønskja at staden var. Utsagnet kom på ei intern samling for designavdelinga ved Kunsthøgskolen i Bergen, då eg bad eg om innspel rundt det å involvera innbyggjarane i arbeidet med å finna ein stad sin identitet. Eg nemnde at eg hadde samla inn kvemmingar sine framtidsdraumar. Utsagnet fekk støtte: Spørsmålet appellerer til dei som er kritiske og misnøgde med staden, ei gruppe som gjerne ikkje ser vitsen med å vera med og definera identiteten, men som ofte uttalar seg negativt om det ferdige resultatet. Spørsmålet bidreg til at ein får opp positive bilete. Innan psykologi meiner ein at det ikkje alltid er forklaringar som viser oss vegen vidare, og at det kan vera vel så nyttig å finna ut når problema er fråverande, korleis er drøymesituasjonen? (Langslet, 2004).
The dreaming city
Mange utkantsområde i Europa er smerteleg klar over nedgang i folketal som følgje av sentralisering, tap av tradisjonsrike industriarbeidsplassar og forgubbing. Ein kjem lett inn i ein negativ spiral med resignasjon og manglande framtidstru. Det vil naturleg nok vera strategisk å fokusera på det som alt er, og i større grad kan bli, positivt, for å leggja til rette for optimisme og framtidstru. I Glascow gjennomførte ein eit omfattande prosjekt som tok utgangspunkt i nettopp folk sine framtidsdraumar: «The draeming city – and the power of mass imagination». Her vart historiar og historieforteljing brukt til å provosera innbyggjarane til å tenkja gjennom, og drøyma om , framtida. (Hassan, Mean og Tims, 2007).
Kva drøymer kvemmingane om?
Gjennom prosjektperioden har eg rundt åtti gongar stilt spørsmålet: Om du fekk eit ønske oppfylt for heimstaden din, kva skulle det vera? Og kvemmingane er som supermodellane, dei svarar «fred og slikt»… Meir konkret ønskjer dei seg symbolske sykkel- og gangvegar som bind bygdene saman, og gode møteplassar – gjerne i form av ein flytande pub eller felles revylag. Kvemmingane ønskjer at «ja» vert det mest brukte ordet, at aktiviteten sydar, at det er rom for kreativitet og handling. Nokre oppgjev at dei ikkje er interesserte i det perfekte, men at dei ønskjer å bu i ein kommune som er i rørsle, andre at dei vil ha 40 minutts reisetid til Bergen, og at reisa gjerne kan gå med tog. Fleire er opptatt av vakre uterom og nyskapande arkitektur, som dei gjerne vil sjå meir av, men aller oftast går dei mellommenneskelege relasjonane att: Folk ønskjer seg samarbeid og samhald, og at ein raus med kvarandre, eller som ein skriv: – At alle har eit felles postnummer, nemleg KVAM.
…samanlikna med dei i Vaksdal?
Parallelt med innsamlinga av draumar i Kvam, har eg samla inn draumar i heimkommunen min, Vaksdal, for å ha eit samanlikningsgrunnlag. Drøymer folk i Kvam og Vaksdal om det same? Nei, i stor grad drøymer vaksdalingane om finare estetiske omgjevnader, i form av opprusta sentrumsområde, betre tilgang til sjøen og velhaldne grøntareal, mens folk i Kvam altså drøymer om betre samarbeid mellom kommunesenteret Norheimsund og nabobygda Øystese. Draumespørsmålet fortel noko viktig om no-situasjonen og får fram kontrastar mellom ulike stader. Spørsmålet avslørte at eit av problema i Vaksdal er dei fysiske omgjevnadene, medan det i Kvam er det mellom-menneskelege som er utfordringa.