Ei felles erfaring var likevel at eg fort gjekk inn i rolla som administrator og organisator, og at det var vanskeleg å samstundes vera kreativ. Frå starten var eg opptatt av korleis eg kunne leggja til rette for ein inkluderande og god prosess for innbyggjarane, men no byrja eg også å spørja korleis eg kunne leggja til rette for ein god prosess for designaren? Etablering av eit mobilt designkontor og bruk av design alt i analysefasen vart eit vendepunkt. Det førde til ei heilt annan form for entusiasme og deltakarlyst hjå innbyggjarane, og bidrog til at eg fekk inn meir råmateriale. Ikkje minst gjorde det arbeidet meir inspirerande for meg sjølv. Under kan du lesa kort om ulike metodar er prøvde ut før eg tok i bruk det mobile designkontoret.
Vandring med svaksynt
Kva luktar Kvam? For å kartleggja lukta inviterte eg meg med på vandring med sterkt svaksynte Margun i Norheimsund, som er ein kapasitet når det gjeld lukt og lyd. – Det som er spesielt i Kvam er dei mange luktsonene som kjem så tett, og at du såleis kan vandra frå ei sone til ei annan: frå den salte sjølukta, gjennom dei frodige frukthagane og opp til den friske høgfjellslukta, fortalde Margun. Vandringar med lokale er ein metode som tradisjonelt har vore nytta for å henta inn kunnskap om ein stad. Metoden gjev eit godt innblikk i staden, men minuset er at han involverer få. Funksjonshemma og flykntningar er turkameratar som ofte blir gløymde, men som har tid til å vera med på tur, og som kan ha mykje å bidra med.
Workshop blant sjømenn og -kvinner
Utdeling av utstyrspakke og oppgåvehefte
Eg delte ut materialpakke til kunstnarar som skulle engasjera dei unge gjennom workshopar, men sjølv om intensjonane var gode, uteblei resultata. Det same erfarte eg då eg utvikla oppgåver for den kulturelle skulesekken. Mi erfaring er at designaren må vera personleg til stades for å få resultat.
Besøk i barnehagen
Øystein teikna ein sint mann då eg besøkte Strandebarm barnehage, og mange meiner mannen liknar ein engasjert (og kanskje også kranglete) kvemming. Barn teiknar andre ting enn det du ber dei om, og forstørrar gjerne detaljar du overser. Strandebarm er hårete kyr og velutstyrte campingvogner, skal me tru ungane. For nokon, som barn, gjev det andre mogelegheiter å uttrykka seg visuelt, enn ved hjelp av ord.
Utdeling av skisseblokker og eingongskamera
Eg delte ut skisseblokker og eingongskamera via biblioteket og til utvalde personar, men fekk få av dei i retur. Utdeling av skisseblokker og eingongskamera er ein metode som frå før er nytta for å engasjera innbyggjarane (Gulmann, 2005).
Nettbasert spørjeundersøking