28. april 2010 klokka 08.55 opna Frode Jacobsen frå Elkem Bjølvefossen «Folkets kafé» i lokalet til den nedlagde Joker-butikken i Ålvik. Klokka 19.00 stengde kafeen for godt, men allereie klokka 08.55 neste morgom var det klart for ei heilt ny kaféoppleving i same bygg. I løpet av tre dagar kunne innbyggjarane eta middag og drikka kaffi i totalt tre stilmessig ulike kafear. Kafeane sette på kvar sine måtar søkjelyset på kvalitetar ved bygda, både i fortid, notid og framtid, og fungerte som 3D stemningskart i storformat, der ein fekk stimulert alle sansar. Videoar frå alle tre kafeane kan du sjå på vimeo.
«Folkets kafe»
Folkets kafé hadde broderte åttebladroser på veggen og gamle hjelmar frå Bjølvefossen til pynt. Kafeen sette søkjelyset på tradisjonar og historie i Ålvik. Mykje av inventaret var lånt frå nedlagde Ålvik kafé i nabobygget, mens salsbenken var ei gammal treplate frå bedehuset. På veggen skua grunnleggjaren av Bjølvefossen alvorstung på forsamlinga. Filleryene var lokale, og veggane var dekte med dukar og gardin, også dei leita fram frå skuffer og skap i Ålvik. Kassar var henta frå bedehuskjellaren, og kasserte dører fekk nytt liv som biletrammer. Gamle aviser frå hjørnesteinsbedrifta vart brukt til dekor. (Musikk av Bjørn Otto Wallevik).
«Den kvite skogfrue»
I «Den kvite skogfrue» var gardina klipte til av bygdefolket. På menyen stod potetsuppe med ramslauk og rista spekeskinke. Borda var pynta med rekved frå Hardangerfjorden og tre og busker frå nabolaget. Det vart selt kaker med lavendel frå Ytre Ålvik, og kafeen var oppkalla etter ein freda plante det finst mykje av i bygda. Det mest spektakulære var gardin laga av papirklipp. Alt får tilsette på Elkem Bjølvefossen, til barnhagen og kultursjefen i Kvam var med og klipte. Tanken var både å engasjera bygdefolket, skapa stemning, men også å gje eit hint av den tidlege våren i Ålvik og det lysegrøne skinet i nyutsprungen bjørkeskog. Dei lyssette gardina var synlege frå riksveg 7 på nattestid. Tilklippinga gav kafeen god førehandsomtale, og mange var spente på korleis deira papirklipp ville ta seg ut i «Den kvite skogfrue».
«Ålvik Rock-kafe»
Ålvik Rock-kafé viste ei yngre og alternativ side av Ålvik. Kafeen var så populær at det meste vart utselt lenge før stengetid. I god rockeånd vart kafeen ferdig i siste liten, og den sølvfarga spraymålinga var knapt tørka då kafeen opna. På grunn av lågt budsjett var mykje av interiøret gjenbruk, og kvistar, tre og kongler vart spraya i kvitt, svart og sølv av lokale ungdommar. Rockekafeen var eit samarbeid med Ålvik Rock, organisasjonen som i fleire år har sett Ålvik på kartet gjennom å arrangera musikkfestivalar, og stilen sprang ut frå effektane til klubben, i tillegg til at lokale ungdommar fekk setja sitt preg på interiøret gjennom teikning og måling, blant anna på kasserte aviser.
Målet med kafe-prosjektet
Ideen om kafeane vart fødd då uformelle undersøkingar viste at mange i Ålvik drøymde om ein møteplass, etter at den gamle kafeen var nedlagt. Etableringa av ein ny kafé hadde av fleire grunnar drege ut i tid. Ønsket om ein god møteplass pregar mange lokalsamfunn, og kan ha stor tyding for folk si bulyst. Eg erfarte raskt at folk drøymde om ulike møteplassar, frå ein barnevennleg familiekafé, til ein moderne kaffebar og ein brun pub, og me bestemte oss difor for å laga tre kafear som også ville bidra til å avdekkja sider ved staden sin identitet. Kunstnarhuset Messen og Wallcon lydstudio hadde vore med frå starten, men fleire vart involverte etter kvart. Det vart arrangert to dugnadskveldar. Industrisamfunn som Ålvik har generelt ein mangel på gründarkultur, og i Ålvik var det planar om å starta opp med elevbedrifter ved skulen. Elevar og medlemmer i ungdomsklubben «Vaskeriet» stod for sjølve kafedrifta, og eit av måla var å inspirera til vidare satsingar på andre typar elevbedrifter og ungt entreprenørskap. I tillegg skulle prosjektet ha overføringsverdi og fungera som eit praktisk forprosjekt for den permanente kafeen som var under planlegging i same bygg.
Konklusjon
Prosjektet mobiliserte og samla bygdefolket, og bidrog til refleksjon og diskusjon. Ut frå interiøret byrja folk å fortelja historiar, som historia om mannen som har eit kvitmåla epletre i hagen, som han stadig fornyar med eit strøk. Sjølv lærde eg overraskande mykje om Ålvik. I tilleg fekk bygda positiv omtale både i lokalavisa og i regionavisa Bergens Tidende. Eit høgdepunkt var at kaféprosjektet bidrog til at det vart underskrive kontrakt om ombygging og bruk av lokalet til permanent kafé, samt gjort avtale om møte med banken angåande lån. Også reguleringsplanen for sentrum vart sett press på og gjort ferdig og presentert i kafeen. Ålvik har dei siste åra vore «gjennomanalysert» og «gjennomvyifisert». Planar og visjonar har skapt optimisme, men mangel på handling har skapt resignasjon. Det var difor avgjerande at prosessen med å utvikla ein visuell identitet resulterte i konkret handling. Kaféprosjektet var stort og synleg i sentrum, og førde til ei visuell endring frå dag til dag.
Den viktigaste erfaringa er verdien av å realisera ein draum på vegen mot den ferdige visuelle identiteten, fordi dette gjev folk større tru på mogelegheitene visualisering av identitet inneber. I bygder der dugnadsånda lever, og folk drøymer om ein god møteplass, kan denne typen stadsanalyser fungera godt. Metoden er inkluderande og mobliliserande. Overskotet frå prosjektet vart seinare brukt som startkapital for elevbedrifta. Elevane investerte mellom anna i button-maskin og printar.