Designar-rolla i endring
Designar-rolla endrar seg som følgje av ny teknologi og at forbrukaren får stadig meir makt. I følgje amerikanaren Richard Florida er det dei kreative byane som vert vinnarar i framtida (Florida, 2004), mens danske Flemming Madsen i Kultur & Kommunikasjon slår fast at folk i større grad vil designa sjølve, og at designaren si rolle difor er i endring². Folk er dessutan individualistar som heller vil skilja seg ut, enn å vera ein del av eit fellesskap, og nokre driv med personleg merkevarebygging. Samtidig er kommunale og regionale grenser i endring, ikkje berre fysisk, men som ein konsekvens av utvikling og utbreiing av ny kommunikasjonsteknologi og at folk vert stadig meir mobile. Identitetsprosjekt for stader som vil engasjera må difor både involvera og gje innbyggjarane individuelle val og reell påverknadskraft.
Notar:
(2) Foredrag med Flemming Matsen, Kultur & Kommunkasjon, Norheimsund, 02.11.2006.
Referansar:
Time Magazine, 25. desember 2006 / 1. januar 2007.
Florida, Richard. The rise of the creative class (2004).