1,07 NYE INNBYGGJARAR - KVAR DAG

Skal den visuelle identiteten overleva, må han på same vis som staden vera dynamisk.

I samarbeidskommunen Kvam vart det i 2009 fødd 81 barn, medan 310 flytta inn i kommunen (tal frå SSB). I snitt kjem det altså meir enn ein ny innbyggjar kvar dag. Dersom ein ikkje greier å inkludera dei som kjem til staden etter at den visuelle identiteten er utvikla, vil engasjementet og interessa fort forsvinna.

Folk er først og fremst lojale mot bygda si

«Noregs sjel ligg ikkje i byane, men i distrikta», står det ein dag i Bergene Tidende. Det er reiselivsguru Jens A. Riisnes som har sagt dette, først til lokalavisa Sogn Avis, og sidan gjenngitt i regionavisa. Mens europeiske byar vert likare og likare, er mange av den oppfatninga at det er i bygdene ein framleis finn det unike og annleise. Det er vanskeleg å snakka om ein felles identitet for samarbeidskommunen Kvam, fordi identiteten ligg i kvar einskild bygd, og også her kan fleire del- eller subidentitetar leva side om side. Til dømes opplever eg at industribygda Ålvik og nasjonalromantiske Strandebarm har svært ulik karakter, men også at Ålvik både er ein tradisjonsrik industristad, ei stad for samtidskunstnarar og ein stad med eit sterkt rocke-miljø. Øystese er både ei vakker fruktbygd og ein kunstsenter, slik ho gjerne vert formidlar ovanfor turistar, men i lokalavisa vert det også fortalt om ei bygd prega av vald og hærverk. 

Identifiserer seg ikkje med sentrum

Eg erfarte tidleg at folk sin lojalitet og identitetskjensla deira er knytt til bygd, og i lita grad til kommunen som heilskap. Dette kan også ha samanheng med at kommunar er stader som ikkje er sansbare på same måte som bygder og byar. Det er også stor skilnad på ein by- og ein bygdekommune. Bykommunar har i større grad eit klart definert og felles sentrum. I samarbeids-kommunen Kvam er det sterk rivalisering mellom kommunesenteret Norheimsund og nabobygda Øystese. Mange understrekar at dei kjem frå den eine eller andre bygda, og gjer eit poeng ut av at dei ikkje har tilknyting til kommunesenteret. 

Sjølv nokre få hus kan vera ei bygd

For nokre år sidan skapte plasseringa av eit vegskilt sterke protestar i Ytre Ålvik. Bygdefolket reagerte på at dei måtte dela skilt med Ålvik, og Ytre Ålvik fekk til slutt sitt eige skilt. Ein av innbyggjarane forklarer kvifor skiltet skapte storm: – Ytre Ålvik identifiserer seg i lita grad med industrien i Ålvik, men reknar seg som ei jordbruksbygd.
For meg som utanforståande er det vanskeleg å sjå på dei to geografisk nært samanknytte stadane som to bygder. Også lokalt er meiningane delte, noko som illustrerer at folk kan ha ulikt syn på den eksisterande identiteten: Skal ein snakka om Ålvik, eller om Ålvik-bygdene? Skal ein tona ned eller forsterka skilnadene? Og er det slik at dess mindre bygd, dess sterkare er lojalites- og identitetskjensla til innbyggjarane?

Referansar:
Jens A. Riisnes, sitert i Bergens Tidende, sagt i vest, 01.10.07.