Gjennom heile prosjektet har spørsmålet om kvifor kommunar som Kvam og bygder som Ålvik skal arbeida målretta med den visuelle identiteten sin, dukka opp. Som designar opplever eg også kritikk fordi mange oppfattar arbeidet med identitetsdesign som eit forsøk på å få ein stad til å framstå som betre enn han eigentleg er. Ingen stad kan velja vekk å ha ein eller fleire visuelle identitetar, på same måte som det å kle seg naken ikkje betyr at ein kan spasera rundt utan å bli lagt merke til. Eg er overbevist om at det er nyttig for stader å reflektera over korleis identiteten er, og at det også er viktig å vita korleis ein påverkar identiteten og omdømmet, på godt og vondt.
Globalisering gjer stadar likare
Stader som ikkje er bevisst eigen identitet, og som heller ikkje har tankar om korleis identiteten bør utviklast, risikerer at det bokstavleg talt er dei sterkaste som vinn fram, og ender kanskje opp med eit kjøpesenter som den tydelegaste identitetsmarkøren. For mange utkantstader vert turisme sett på som ei potensiell næring som kan supplera eller erstatta gardsdrift og industri. Stader som ikkje er opptatt av eigen identitet, blir kanskje takka vera globalisering meir og meir like, og med det også mindre og mindre interessante for dei som reiser langt for å oppleva noko som er annleis.
Frå Steinsdalsfossen.
Elg i solnedgang og troll til kjerringar?
Då eg viste ein oversikt over skilt i Kvam for Kvam Senioruniversitet, opplevde eg at dei vart forskrekka over korleis staden presenterer seg for omverda³. Det er lett å oversjå det ein ser dagleg. Noko så enkelt som å avfotografera og visa fram det ein observerer langs vegen, kan gjera innbyggjarane meir merksame på korleis andre opplever staden. I Kvam opplever eg at den kvaliteten staden representerer i lita grad er synleg i den visuelle representasjonen av staden. Eit eksempel er souvenirar. Kvam er ein del av Hardanger-regionen, som ønskjer å verta assosiert med fjord, fjell, foss, frukt og fonn, og gjerne kvalitetar som friskt, ekte og naturleg. Turistane vert i stor grad møtt med elg i solnedgang og troll til kjerringar, og ein visuell identitet som i lita grad speglar det friske, ekte og naturlege.
