«Det är inte alltid lett att bo i en idyll»

Stad og identitet opptek mange fagfelt, frå kunstnarar til antropologar og sosiale mobilitørar.

Orda i overskrifta tilhøyrer svenske «Håkki», etter eit besøk i Kvam. «Håkki» er kunstnar, lokalpatriot og frontfigur i eit stadsutviklingsprosjekt knytt til Ljungaverk i Sverige. Som designstudent og seinare designar har eg i mange samanhengar følt at eg trakkar over grensene til andre fagområde, samstundes som desse grensene er uklare. Tidleg i prosjektet etablerte eg ei ressursgruppe, som fungerte som eit ope, tverrfagleg diskusjons-forum. Målet var å bringa dei ulike fagmiljøa saman, både for å sjå på likskapar og skilnader, men også for å freista å peika på problemområde og mogelegheiter knytt til mitt eige prosjekt.

Møte i ressursgruppa. F.v. Astrid Skjerven, Mary-Bente Bringslid, Ashley Booth og Fred Pedersen.

Tverrfagleg ressursgruppe

Den tverrfaglege ressursgruppa gjennomførte fem samlingar i perioden 2007-2010, der medlemmene på førehand fekk tilsendt konkrete spørsmål som diskusjonen tok utgangspunkt i. Ved å samla ressurspersonane oppnådde eg langt meir interessante diskusjonar enn eg ville avdekt ved å møta ein-og-ein. Eg håpa at deltakarane ville få impulsar dei kunne ha nytte av innan eigne fagfelt, og medlemmene fann samlingane så interessante at dei ønskte fleire møte enn eg i utgangspunktet hadde planlagt. Diskusjonane førde til at eg tok til å reflektera over aktuelle problemstillingar, som kva ein stad er, om ein kan snakka om ein stadsidentitet eller fleire, kjønnsperspektivet i visuell formidling av symbol for stader og definisjonsmakta til designaren. 

Medlemmene

Medlemmene representerer ulike fagområde, som har til felles at dei arbeider med identitet og stad:
Fred Pedersen (rådgjevar, Norsk Designråd)
Inger Birkeland (geograf, då ved Universitetet i Bergen)
Mary-Bente Bringslid (sosialantropolog, Universitetet i Bergen)
Eirik Glambek Bøe (arkitekturpsykolog og musikar)
Ingjerd Skogseid (IT-forskar, Vestlandsforsking)
Astrid Skjerven (kunst- og designhistorikar, Kunsthøgskolen i Oslo / Høgskolen i Akershus)
I tillegg deltok masterstudentane Trude Antonie Øvrebø og Åshild Kanestad frå avdeling design, seksjon for visuell kommunikasjon, i dei første samlingane. Gruppa var også open for hovudrettleiar Ashley Booth og birettleiar Leif Hem

«Håkki» besøkjer Wallcom lydstudio i Ålvik.

Med «Håkki» i baksetet

Det finst mange relevante prosjekt å studera for dei som er opptatt av stad og visuell identitet. Det nemnde svenske stadsutviklingsprosjektet «Håkki» ligg i grensa mellom kunst og design, og prosjektet ser ut til å leva i beste velgåande, år etter år. Eg inviterte «Håkki» til eit seminar i regi av Kunsthøgskolen i Bergen, og i ettertid vart han invitert til Kvam av kulturkonsulent Lars Erik Klafstad. Me besøkte blant anna Wallcon lydstudio i Ålvik, der eg for første gong kom i kontakt med eldsjel, musikar og lydmann Bjørn Otto Wallevik, som seinare vart ein viktig samtalepartnar og medspelar i utprøvinga av metodar for å engasjera innbyggjarane. «Håkki» si oppsummering etter besøket er treffande for nokre av utfordringane til Kvam: «Det första man tänker på när man kommer til en plats där det inte finns ett eneste höghus med plass för de fattiga, social-fallen eller ungdomar som har sin förste bostad er ju att: Vart Finns Egentlig Problemen? Oftast är det ju en specifik plass där det samlas människor som gillar action och baksidan av samhället. Eftersom det inte fanns en naturlig plass för dessa att hänga på så blir det ju istället Bilen. De människorna jag mötte var otroligt snälla och hade mycket humor. Det är inte alltid lett att bo i en idyll. Efter sommaren kommer en virkelighet som kan bli slitsam hvis mange venner dratt iveg til Bergen, Oslo eller kanske back-packing i Thailand. Man blir hen, og det är tufft att ta sig ur dette hen».