Kvam ligg i regionen Hardanger vest i Noreg. Kommunen byr på høge fjell, djupe fjordar og fotogene fossar, og er eit attraktivt ferieområde både om sommaren og vinteren. Mange kunstnarar har valt å busetja seg her. Kommunesenteret Norheimsund har vore gjennom ei større opprusting, og vart av den tidlegare norske kommunal- og regionalministeren Åslaug Haga trekt fram som eit godt føredøme for norske tettstader (Kristoffersen, 2007). Arkitekturen i industribygda Ålvik vert framheva som «over nasjonal standard» med vekt på vakre løysingar og heilskap (Geoplan, 2003). Matprodukt frå Kvam og Hardanger er i ferd med å etablera seg som ei merkevare, der kvalitet er eit av kjenneteikna.
Utfordringar
Men Kvam står også ovanfor store utfordringar: Som i andre utkantar i Noreg og resten av Europa flyttar dei unge, og mange kjem ikkje tilbake. Tradisjonelle industriarbeidsplassar forsvinn, folketalet går i periodar nedover og bygdekrangel har gjeve staden negativ medieomtale og skapt frustrasjon og resignasjon blant innbyggjarane. I møte med andre kan det av og til opplevast som flaut å fortelja at ein kjem frå Kvam. Ved byrjinga av 2010 budde det 8360 personar i kommunen.
Pilotbygda Ålvik
Ålvik er ei industribygd i ytterkanten av Kvam, med smelteverket Elkem Bjølvefossen som største og viktigaste arbeidsplass, og Hardangerfjorden som næraste nabo. Folketalet har gått kraftig tilbake, og er i dag rundt 600 (Ålvik og Ytre Ålvik) (Kaizen, 2009). Eg har gjennom feltarbeidet meir og meir konsentrert arbeidet om bygda Ålvik, for å kunna gå i djupna og finna metodar og innfallsvinklar som kan overførast til dei andre bygdene.
