Nye metodar, nytt konsept

Gjennom stipendprosjektet er det utvikla og prøvd ut nye metodar for å involvera innbyggjarane i arbeidet med å finna og formidla visuell stadsidentitet. Det er også lansert ein alternativ visuell identitet.

Det er liten grunn til å tru at identitet, omdømme, profilering, identitetsdesig eller merkevarebygging er tema som vil verta mindre aktuelle i framtida. Framfor å «selja» kommunen til utanforståande, har eg fokusert på å gjera innbyggjarane til meir aktive omdømmebyggjarar for heimstaden, ved å la dei sjølve velja ut kvalitetane dei ønskjer å visa fram og fortelja om. Det er også utvikla ein prototype på ei nettside der innbyggjarane kan designa sine eigen profileringsprodukt. «Design-din-eigen»-nettstaden gjer det mogleg for innbyggjarane sjølve å vera med og vidareutvikla den visuelle identiteten.