...og er det ein visuell identitet?

Det finst ikkje berre eit svar for korleis stader kan arbeida med den visuelle identiteten sin.

Mi visualisering er berre eit eksempel, og eg håpar prosjektet kan bidra til diskusjon og at andre ønskjer å føra temaet vidare. I starten gav eg ein definisjon på kva ein visuell identitet er. Eg har i like stor grad blitt opptatt av kva ein visuell identitet eigentleg kan vera og kva han kan bety. Begrepet «identitet» er problematisk, og kanskje ville det vore lettare å snakka om designbasert stadsutvikling. Eg tek gjerne imot innspel og synspunkt, e-post: linda.lien@khib.no.

Kva med dei ordinære kommunikasjonsflatene?

Det er utvikla eit enkelt rammeverk (grid) for Ålvik, som gjer at ein kan bruka materiale frå samlinga til å marknadsføra aktivitetar i bygda. Kommuneorganisasjonen kan på same måte som andre søkja om å få bruka materiale frå den visuelle identiteten i si profilering, til dømes på nettet, og det kan også reiselivsorganisasjonar. Det er fleire grunnar til at eg har valt å konsentrera meg om å utvikla ein visuell identitet for staden, og ikkje organisasjonen Kvam kommune, og at det er innbyggjarane, og ikkje politikarane og administrasjonen, som står som avsendar. Det er også behov for at Kvam herad utviklar og tek i bruk ein skiltplan. Det viktigaste i dette prosjektet har likevel vore å synleggjera alternative framgongsmåtar.

Fleire moglegheiter?

Lokalt næringsliv kan søkja om å få bruka mønster og motiv frå samlinga i tilknyting til eiga profilering. Eksempelvis har fruktbonde Turid-Alice Skjervheim i Ytre Ålvik bidratt med tørka epleskiver som det er laga mønster av, og dette kan ho overføra til gåvepapir og kort. Det er også mogeleg å tenkja seg mønster og motiv brukt i interiør i til dømes lokale restaurantar, men også prosjektert utandørs på landemerke som Steinsdalsfossen.