Innbyggjarane som omdømme-byggjarar

Gjennom ein nettstad kan innbyggjarane i Kvam sjølve laga profileringsprodukt ved å setja saman mønster og motiv frå heimstaden.

Innbyggjarane kan også stemma fram kva som skal setjast i produksjon og bli dei neste offisielle produkta frå Kvam («Folkets favorittar»), samt velja kva varemerke-variant produktet skal merkast med. Nettstaden er utvikla som ein prototype med eit minimum av funksjonane realisert. Klikk her for å prøva sjølv. Mønsteret her heiter «kranglande kvemmingar» og er basert på lokale teikningar og skrift.