Gjennom stipendprosjektet er det avdekt nokre viktige faktorar stader bør ta omsyn til før dei går i gang med å etablera visuelle identitetar.
Ved å samarbeida med kommunen Kvam og bygda Ålvik har eg prøvd ut ulike måtar å involvera innbyggjarane i arbeidet med å finna og formidla visuell stadsidentitet. Det er utvikla nye metodar for brukarinvolvering. I tillegg er det gjort interessante erfaringar med «draumespørsmålet» når det gjeld å kartleggja identitet og innbyggjarane sine ønske for framtida. Det er også utvikla eit meir fleksibelt og dynamisk konsept for ein visuell identitet.
Korleis kan andre bruka metodane?
Bruk av framtidsdraumar, møteplassar og mobilt designkontor kan overførast til andre bygder eller prosjekt. Her er tre konkrete råd for korleis andre kan bruka erfaringane:
1. Involver skular eller andre frivillige til å samla inn innbyggjarane i bygda eller bydelen sine draumar for staden. Dette kan både brukast som ein del av stadsanalysen, men også i arbeidet med å engasjera og mobilisera.
2. Gjer noko som er synleg allereie i den første fasen: Realiser ein eller fleire draumar, sjølv om det berre er for ein kort periode og i liten skala. Mønsteret i bakgrunnen viser trallebana i Ålvik. Det vart laga under det tre dagar lange kafearrangementet, og brukt som veggdekor. Trallebana er eit symbol «alle» i Ålvik har ei forhold til.
3. Flytt designkontoret ut til folket og jobb visuelt alt frå starten. Bruk design aktivt i analyseprosessen, og tenk alternativt når det gjeld presentasjonar av funn.

Korleis kan andre bruka konseptet?
Framfor å «selja» kommunen, har eg fokusert på å gjera innbyggjarane til meir bevisste og betre ambassadørar. Det er to spørsmål kommunar bør diskutera grundig før utvikling av ein visuell identitet:
1. Kven skal stå som avsendar?
2. Korleis skal den visuelle identiteten driftast?
Organisasjonen har ofte dårlegare omdømme enn staden. Dersom innbyggjarane står som avsendarar, og ikkje politikarar og administrasjon, må dei også ha reell moglegheit til å ta del i og påverka prosjektet. Drifta kan organiserast som ei stifting eller eit «aksjeselskap». Visuelle identitetar for stader må vera dynamiske. Kommunar bør vurdera om sosiale nettstader skal ha ei rolle i drifta, eller fokusera på å finna andre løysingar som gjer at innbyggjarane sjølve kan oppdatera og vidareutvikla dei visuelle identitetane. Ein tilleggsverdi for «design-din-eigen»-nettstaden som er utvikla for Kvam, er at samlinga kan fungera som ein lokalhistorisk dokumentasjon og ein kunnskapskjelde, som kan vera eit alternativ til dei offisielle historiebøkene. I galleriet kan brukarane leggja til motiv frå staden, og andre kan supplera med utfyllande tekst og opplysningar. Det er lett å knyta samlinga opp mot til dømes skuleprosjekt og innhenting av materiale om aktuelle hendingar og tema. På same vis kan det utviklast nye mønster og varemerke som tek utgangspunkt i jubileum og milepælar.