Eit visuelt verktøy

Introduksjon

Basert på konklusjonar frå feltarbeidet og diskusjonar i den tverrfaglege ressursgruppa knytt til prosjektet, er det utvikla eit nettbasert, visuelt verktøy som skal bidra til å gjera innbyggjarane til betre ambassadørar for staden.
Dei viktigaste føresetnadene er:
• Menneska er ein stad sin viktigaste ressurs, og innbyggjarane og utflyttarar er staden sine viktigaste ambassadørar.
• Ein stad er i stadig endring, og den visuelle identiteten må på same måte som staden vera dynamisk.
• Ein og same stad kan ha mange identitetar, og det kan vera usemje om kva som er den «rette». Framfor å fortelja ein «sann» historie, må det vera rom for ulike, og kanskje også motsetningsfylte forteljingar.
• Folk si lojalitetskjensle knyter seg til bygd, og ikkje kommune. Den visuelle identiteten må spegla dette.

Namn og varemerke: Kvifor KVA(M)?

Det var behov for eit samlande symbol eller eit varemerke, som kunne opplevast som felles for folk i Kvam, utan at det vart eit kompromiss. Det naturlege vart difor at i staden for at designaren laga ei merke, fekk folk sjølve laga mange. Eit maritimt (eller seks) knytt til Norheimsund, eit jordbruksrelatert i Steinsdalen. KVA er ein leik med kommunenamnet KVAM, der M-en vert tilført som eit trademark, slik at ein unngår at det vert for kommunalt. KVA er også eit nynorsk spørjeord. Bokstavformene er så enkle at dei inkluderer dei aller fleste som har lyst til å bidra. Som ein av dei som laga «logo» med årer sa: – KVA er eigentleg eit ope og fint ord. Og takk og lov for at me ikkje skal laga «M-en».

Målgruppe og avsendar

Verktøyet er for alle som bur i Kvam, som har budd i Kvam, som gjerne skulle ha budd der, eller som er i slekt med nokon som bur i Kvam, men også for dei som berre er på besøk i Hardanger-kommunen. Det er først og fremst innbyggjaraner, og ikkje kommuneadministrasjonen, som er avsendar. Ulike delar av kolleksjonen kan ta utgangspunkt i ulike sub-identitetar og ha smale målgrupper.

Grunnelement: Varemerke, mønster og motiv

I tillegg til ei rekkje variantar av KVA, består samlinga av mønster og motiv som kan setjast saman i ulike kombinasjonar. Motiva tek utgangspunkt i natur, industri, menneske og kultur i Kvam, men brukarane kan også lasta opp sine eigne motiv og bruka desse. Mønstera er sett saman av råmateriale som på ulikt vis er produsert i Kvam, anten det er eplekjeks frå Ytre Ålvik, perlebroderi frå Hardanger-bunaden eller teikningar. Kvart mønster er knytt til ein kjend eller mindre kjend historie eller eit fakta frå Kvam. Kvar bygd har sin eigen kolleksjon, og ein kan laga eit reint bygdeprodukt eller miksa motiv, mønster og varemerke frå ulike bygder. Varemerke og mønster som vert vist her (i bakgrunnen) er laga av ungdom frå Ålvik. Mønsteret tek utgangspunkt i Ålvik Rock, klubben som skapar aktivitet og tilstrøyming til Ålvik gjennom rockekonsertar og «rockotek».

Fargane


«Fruktbløming langs fjorden» er ein av fleire temabaserte fargepalettar. Ved hjelp av det nettbaserte og fritt tilgjengelege verktøyet Adobe Kuler er det enkelt for innbyggjarane å foreslå nye palettar. Fargar er eit kontroversielt tema som lett vert opplevd som tvangstrøye for brukarane, samstundes som det er eit av dei sterkaste verkemidla for å gje ein visuell identitet særpreg. Temabaserte palettar gjev innbyggjarane fleire val og bidreg også til å løfta fram ulike sider ved staden. I teoridelen går eg nærare inn på kvifor kvar bygd ikkje har fått sin eigen fargepalett, eller kvifor ikkje heile Kvam har fått ein profilfarge.

Dei viktigaste verdiane for samlinga


• Samansett: Samlinga er samansett av folk i Kvam sine bidrag, men ho skal også gje eit samansett bilete av staden.
• Uendeleg: Det finst uendeleg mange kombinasjons-mogelegheiter, og samlinga er i seg sjølv uendeleg. Så lenge nye innbyggjarar kjem til, vil det alltid vera rom for nye mønster og motiv. Det finst også eit uendeleg tal historiar som kvemmingane kan fortelja med utgangspunkt i dei ulike motiva og mønstera.
• Personleg: Det er innbyggjarane som personleg har valt ut bidrag som dei gjerne vil skal representera heimstaden sin. Men også fordi du sjølv kan setja saman motiv og mønster, velja fargar og slik laga dine eigne, personlege variantar. Logoane er laga av vanleg folk.
• Berikande: Samlinga skal ha eigenverdi, gjennom å presentera ukjende og kjende motiv frå Kvam i eit nytt formspråk. Innbyggjarane skal vera stolte over å bruka produkt med mønster og motiv frå kolleksjonen, og turistar skal finna eigenarta souvenir- og gåveartiklar med utgangspunkt i stadlege kvalitetar, lokal historie og lokale tradisjonar.
• Inkluderande: Ein stad er samansett av menneske med ulik bakgrunn, interesser og kompetanse. Det skal vera låg terskel for å bidra, og samlinga skal vera inkluderande.
• Jordnær: Samlinga skal gripa fatt i kvardagslivet til folk, og løfta fram kvalitetar som kan verta oversett til dagleg.