Identitetsdesign for stader har vore eit heitt tema dei siste åra. Men kven har eigentleg rett til å definera ein stad sin identitet?
Med utgangspunkt i kommunen Kvam i Hardanger lanserer stipendiat Linda Lien ved Kunsthøgskolen i Bergen ein alternativ visuell identitet for stader. Prosjektet er ein del av Stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid, og målet er å utvikla designprogram som i større grad tek omsyn til utfordringane og ressursane til ei bygd, ein kommune eller ein region, enn tilfellet er med dei som er adopterte frå den kommersielle verda. Det vert eksperimentert med ulike former for brukarinvolvering, og stilt spørsmål ved designaren si definisjonsmakt og det etiske knytt til design av identitet.